Det er så fint ver for tida at en kan nesten gløyme korleis hausten kan vere. Men no har mørket komt tidligare og tidligare og lyktene har blitt tent (med timer her ja). Mulig det var den første frostnatta som kom i natt...litt deilig og da :*
0 Comments
Vi koser oss med å rusle rundt i soppskogen rundt hyttå. Eg viser nokre bilder eg tok her men pass på; ikkje stol på mine gjetninger på kva sopp dette er, for eg er IKKJE soppkyndig, men kun under opplæring. Skriv gjerne ein kommentar om du veit kva sort sopp eg har funne. Eg har kun ete kantareller og piggsopp men tenker å utvide til smørsopp... Her kjem grunnen til at det har vore litt lite hytteliv her i det siste ;) Nokre kvalper som no er 6 veker! I dag har dei fått sin første kjøretur og besøk på altan og i høggraset. Dei har ete og tissa og sove ute i det fri for endelig kom det litt finver no som dei var store nok til slikt. Her held Kristian og Joakim på å jobbe litt. Det blir ved til vinteren og trappetrinn opp til altanen :) Trass den supertørre og varme sommeren så blomstrer det rundt hyttå. Eg har sånn ca funnet ut at det er MINST 15 sorter av kvar farge, gul, rosa, blå og kvite blomstrer i hytte"hagen". Her er nokre bilder så får eg telle meir nøyaktig seinare ;) Fortsatt god sommer! ...i antall humler og kvepser....insekter og anna kryp her på hyttå. Sånn er det å bu inne i skogen. Men for å virkelig nyte skogens ro må ein lære å leve med desse småkrypa fordi det er nettopp dei som gjer skogen. Dei er grunnlaget for suset og duset...roa og skjela...i skogen. Takk og lov for at dei fins :)
Men av og til ...når ein klasker og banner...jaja...der tok an an igjen :P Insektshotellet bugner av insekter....iallefall så langt hos dei minste. Her har ei lita tynn fluge funne seg ein stad:
|
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
January 2024
|