Endå ein nydelig dag.... Endå ein kosetur i skogen... Endå ein sopp eg har ete.... No har eg lært meg; SMØRSOPP Bacon kan berre "gå hjæm å vogg"! Ja faktisk. Det er ikkje tull ein gong. Dette var supergodt! Steikt smørsopp i salt og pepper, steikte paprikabiter og to steikte egg, samt eit halvt rundstykke frå frokosten ;) NAMMM!! Eg er gløymsk....jada eg innrømmer det. Når Kristian ikkje er her og passer på så ligg hundebanda heime, ryggekk like så. (Note to myself: få tak i ein ryggsekk som kan ligge fast på hyttå!) Men kem har ofte flaks...gullhår ein viss plass, sol som skin osv osv...Jo det er meg! For ryggsekk fann eg i form av ei gammal soppkorg. Og kem fann eit hundeband mellom to steiner halvvegs i Engsetdalsvatnet? Jo, MOI! :))) Her kjem grunnen til at det har vore litt lite hytteliv her i det siste ;) Nokre kvalper som no er 6 veker! I dag har dei fått sin første kjøretur og besøk på altan og i høggraset. Dei har ete og tissa og sove ute i det fri for endelig kom det litt finver no som dei var store nok til slikt. Her held Kristian og Joakim på å jobbe litt. Det blir ved til vinteren og trappetrinn opp til altanen :) No har vi hatt tidenes beste påske mes sol SOL og SOOOOOL!! Planene med påskesnø og skigåing blei litt snevre kan en sei...ja det blir ikkje alltid som en hadde planlagt. Hyttlivblada skulle jo delast ut i skiløypå! :O I staden har vi besøkt hyttenaboer og blitt kjend med nye til og med! Guri kor kjekt! Vi blei invitert både inn og ut og var på ei nydelig hyttehagevandring....sukk. Dei fleste var til og med allereie abonnenter av bladet så dei hadde det frå før...hihi. No blei det ein skitur på hytta til mams og paps på Bjorli da....men kem trur du hadde gløymt att blada sine heime...jaja. Her er nokre bilder frå HYTTELIV-Påska vår, her på Bjorli: Så her på HYTTÅ: |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
January 2024
|